Nytt år og på`an igjen med Allsong på Kafe Tiaren. I morgon, tysdag 28. januar, ei halvtime frå kl. 12.00. Svein Rimestad og Kristian Bringedal utgjer To Rustne Menn. På repretoaret står songar frå hefte Syng med. Tekstane og tonane er kjende for dei fleste. Ikkje alt har vore brukt så mykje dei siste åra. Seinare på dagen skal Svein og Kristian til Hatlstrand, Ølve og Varaldsøy Pensjonistforening som erstatning for Trio Taffel. Vel møtt til allsong på Tiaren.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto