Gult farevarsel i kveld og i natt.
Meteorologisk institutt har sendt ut gult farevarsel. Stormen har namnet «Éowyn» og kjem frå vest. «Éowyn» ein såkalla bombesyklon. Det tyder at stormen forsterkar seg svært raskt. Lufttrykket fell med minst 24 millibar i løpet av 24 timar.
Ferja på Arsvågen ligg til kai. Vi kjenner ikkje til status for ferjestrekningane til og frå Kvinnherad. Snøggbåten Rygerfonn er i rute frå Os og legg til kai i Rosendal kl. 20.35. Slik veret er i kveld og natt, vert det truleg evakuering til Eidsvik/Selstad sin kai på Børnes.
Kvinnherad kommune skriv på heimesida at BKK har auka beredskap for å sikra straumforsyninga. Grunna tryggleiken til tilsette, kan det ta lengre tid å retta feil. Ver merksam dersom straumførande kabel ligg bakken. Hald avstand.
Tekst/nett: Kristian Bringedal