Komande laurdag mellom kl. 07.30 og 08.00 kan du få med deg eit innslag på NRK P1 frå Uskedalen. Redaksjonen i Opptur har vore på Kjærland og laga program hos Hans Reidar Kjærland om kua Rosa. Rosa er landskjend. Bakgrunnen er den digitale utstillinga der kua vart kåra til beste jur i 2024.

Alle kan delta med ei ku kvar. Kravet er tre bilete av ku og jur. Geno stiller med 3 proffe dommarar som bedømmer kua. Dei gjev poeng etter dei same reglane som for vanleg ku-utstilling.

Hans Reidar Kjærland var godt nøgd med bedømminga, då uskedalen.no snakka med han i desember. Det er svært sjeldan at ein oppnår 5 av 5 poeng for jur slik Holstein kua Rosa fekk. Den same kua fekk 7,5 poeng for kropp og bein. 40 kandidatar var med i vurderinga.

Laurdag morgon kjem innslag på maks 5 minutt i den riksdekkande radiokanalen P1.

Tekst/nett: Kristian Bringdal
Foto: Hans Reidar Kjærland