Viktig melding om Styrkerommet
Her kjem ei viktig melding til alle brukarar ved styrkerommet i aktivitetshuset, samt andre som har tilgang til aktivitetshuset.
Aktivitetshuset har vore utsatt for eit data-angrep, og styringa til låssystemet er ute av drift. Vi jobbar med saken for å få dette opp å gå igjen. Inngangen til aktivitetshuset, samt døra til styrkerommet, vil væra stengt fra og med kl.11 i morgon, onsdag, og inntil vidare. Det betyr at styrkerommet diverre vil væra stengt denne perioden.
Etter som all data er sletta, er det viktig at brukarane sender melding til, enten sms, messenger eller e-post til Per Korsvold. Telefon: 48 16 08 03. Meldinga må innehalde bilete av nøkkelbrikke, fullt namn, telefonnummer, e-post og type medlemskap (fra – til).
Vi beklager ulempene dette medfører. Vi jobbar med saken og håper vi er i full drift innan få dagar.
Tekst/nett/bilete: Per Korsvold