Kunngjering: Årsmøte i Uskedal historielag, måndag 10. februar kl. 17.00 på Stemneplassen.
Uskedal historielag gjer med dette kjend at Årsmøte 2025 er lagt til måndag 10. februar kl. 17.00 på Stemneplassen. I tillegg til vanlege årmøtesaker, som årsmelding, rekneskap og val vert det lagt fram Arbeidsplan for 2025. Møte er ope for alle medlemer og for andre interesserte. Årspengar: Styret innstiller på kr. 200,- som no. Bilete syner skanning av foto til Årbok 3. Frå Arbeidsplan 2025 nemner vi:
- Melding frå skriftstyret om årbok 4 i 2026
- Utvandrarbok og markering av utvandraråret 2025
- Vidare arbeid med arkivet – tilvokster foto og dokument
- Opne møte med tema
- 80 år sidan freden 1945 – markering på Stemneplassen 8. mai
Tekst: Uskedal historielag Foto: Arkivfoto Nett: Kristian Bringedal