Kunngjering: Årsmøte i Uskedal Friluftslag, måndag 10. februar kl. 19.00 på Stemneplassen.
Det vert med dette gjort kjend at årsmøte i Uskedal Friluftslag er lagt til måndag 10. februar kl. 19.00 i møterommet på Stemneplassen. I tillegg til ordinære årsmøtesaker vert det lagt fram framlegg til driftsbudsjett 2025, leigeprisar, årsplan og prosjektplan for vidare arbeid med utvikling og drift av Stemneplassen. Sjå liste over medlemslaga med rett til å møta kvar med to utsendingar på årsmøte.
- Uskedal Skulemusikk
- Uskedal Musikklag
- Uskedal Helselag
- Uskedal Idrettslag
- Uskedal Båtlag
- Uskedal Elveforvaltning
- Uskedal Bondelag
- Uskedal Ungdomslag
- Røysterett for Alle
- Uskedal Indremisjon
- Uskedal Historielag
Årspengane for kvart lag er kr. 300,-. Dei som har årsleige, slepp medlemsavgift. Medlemslaga kan, om ein ynskjer det, få plass til akivet sitt i arkivrommet.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto