Historielaget ønskjer bilde av denne populære gjøglar- og songgruppa.

Inger Lise Eidsvik (f. 1938) er velkjend i bygdebildet. Noko av det tilreisande turistar set pris på her i bygda, er besøk hos henne i Lises Krambu og bruktbutikk.
Gjennom åra har denne dama vore eit aktivum i kulturlivet i bygda, både i lagslivet, og elles som underhaldar med song, musikk og teater som sine spesialfelt. I 1976 starta ho gruppa Villendene saman med Kirsten Rød, Ruth Pedersen og Brynhild Eik. Anne Gurine Bringedal var og innom ein kortare periode.
Denne gruppa blei veldig populær og heldt det gåande i mange år. I eit videoopptak fortel Inger Lise litt frå tida i Villendene. De kan lesa meir i den neste boka i serien “Den nære fortida” som kjem hausten 2026. Der vil det også komma ein artikkel om den særs aktive og gode ungdomsklubben som Kirsten og Inger Lise var leiarar for. Den får vi høyra litt om i ein video ved eit seinare høve.
Historielaget håpar verkeleg at dei som har bilde av Villendene eller frå aktivitetane i ungdomsklubben, tar kontakt slik at vi kan låna dei. Bilde er heilt agjerande for at artiklane blir bra!
Videoen finn de på facebooksida til Uskedal Historielag, og der kan de høyra kva Inger Lise har å fortelja.(Videoen var dessverre for stor til at vi kunne leggja den ut her på sida.)

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland