Meir enn 30 personar har alt skrive seg i turboka på Skårhaug - er med og kan vinna premiar.
Uskedal Utvikling har starta det nye året med oppmoding om å koma seg ut på trim. Turmåla er Skårhaug, Flåtene og Kalkstasjonen. Den som skriv seg i turbøkene, er med i trekninga av fine premiar. Trimaksjonen gjeld ut januar. Uskedal Utvikling avsluttar slik: Skriv deg i boka og du er med. Start i dag. På Skårhaug finn vi alt meir enn 30 namn i boka. Vi er ikkje kjende med kor mange som har skrive seg på Flåtene og på Kalkstasjonen, men det vil vi finna utav.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal