Aktive born i akebakken - kos og glede.
I dag var det folksamt i Bertelsbakkane. Elevane og tilsette frå 1. – 4. klasse var ute med akebretta sine. Opp og ned i bakken. Mykje kos og stor glede. På nabobruket på Dønhaug fann vi Nerigarden, den eine avdelinga i Dønhaug Gardsbarnehage. Den andre avelinga, Oppigarden, hadde anna å gjera på. Gode og stabile meldingar ut veka gjer at både skulen og barnehagane vil nytta mykje av tida ute til snøleik og aking.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal