Ekspert på Midt-Austen, Dag Tuastad, kjem til Kvinnherad Senioruniversitet, torsdag 16. januar - Husnes
Torsdag 16 januar kl. 11 er det på’an igjen i Kvinnherad Sennioruniversitet. Då vert det eit svært aktuelt og spanande møte i kinosalen i Kulturhuset Husnes. Gjesten vår, Dag H. Tuastad er fødd og oppvaksen på Husnes. Han har teke doktorgrad på, og har spesialisert seg på, historie, kultur, samfunn og politikk i Midtausten. Han er ein av landets fremste Midtaustenkjennarar. NRK nyttar han ofte som kilde når nokon skal kommentere utviklinga i konfliktane og krigane i denne svært urolege regionen.
Når han kjem til oss, så er overskrifta MIDTAUSTEN ETTER GAZAKRIGEN. Han seier sjølv om kva me har i vente:
Hvordan var veien fram til syvende oktober, både i Israel og Gaza? Og hvordan har Gaza-krigen endret Israel, Gaza, og hele regionen?
I foredraget vil både israelsk og palestinsk side bli analysert og plassert i historisk og politisk kontekst. Hva er den såkalte «religiøse sionismen» som nå står så sterkt i den israelske regjeringen? Hvordan henger palestinernes mangel på demokrati sammen med bruken av vold? Videre vil regionale aspekter diskuteres. Hvilket Midtøsten vokser fram etter Gaza-krigen?
Det er nokre av dei mest langvarige, umenneskelege og fastlåste konfliktane i verda Tuastad skal fortelja oss om. Me spør oss vel alle stundom: Skal det aldri bli fred i dette vepsebolet? Konfliktane er kompliserte og me løyser dei nok ikkje denne føremiddagen, men eg har tru på at me går derifrå meir opplyste og med meir kunnskap om kvifor det har gått så gale.
Etter føredraget vert det lett servering i Festsalen.
Me minner om at møta i Senioruniversitetet er opne for alle som har tid og lyst på litt fagleg påfyll og ein god drøs på ein torsdag føremiddag.
PS. Det er tida for å teikne medlemskap no. Det vil gle oss og løne seg for deg!
Styret i KSU v./Steinar Haugan
Tekst/foto: Pressemelding Nett: Kristian Bringedal