Mykje å gjera for dei som driv med bilberging.
Odda Bilberging, avd. Uskedalen har travle dagar med mange og varierte oppdrag. I dag vart det henta ein bil i Høylandsbygd som kom på skli og enda i husveggen. For det meste har det vore mindre uhell og utforkøyringar på glatte vegar. På fylkesvegen gjennom Uskedalen har det berre vore nokre tilfelle der bilistar har bedd om assistanse.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal