Start 2026 med litt ekstra trimglede, og vinn premiar!
Nytt år, nye muligheter.
Uskedal Utvikling oppfordrar til å starta året 2026, med litt ekstra trimglede! Enten du vil gå, jogga eller springa…… her er er plass til alle! Det er berre å skriva seg i bøkene på Kalkestasjonen, på Flåtene ( bilete ) og på Skårhaug. 1. februar blir det trekt kjekke premiar blant deltakarane i januar.
La det bli ein sprek januar i Uskedalen!
Skriv deg i boka og du er med. Start i dag!!
God tur!
Tekst frå Uskedal Utvikling v/ Gunn mari Moberg Nett: Thor Inge Døssland Foto: Arkivfoto