Julegudsteneste på juleafta kl. 14 - den siste gudstenesta for Magne Eik som kyrkjetenar.
Soknerådet ynskjer alle velkomne til julegudsteneste i morgon, juleafta, kl. 14.00. Singing Tweens vil ha innslag med frisk og fin song. Magne Eik har vore kyrkjetenar i mange år. Han var ei tid vikar for broren, Leohnard Eik, før han tok over denne tenesta i fast stilling. Magne ynskjer avløysing og kyrkjekontoret har starta prosessen med tilsetjing. Julegudstensta i morgon er såleis den siste før ny kyrkjetenar tek til i tenesta. Offeret går til Den indre Sjømannsmisjon, mellom anna for å sikra drift av Bethelskipet Elieser. Prest er Kjetil Kringlebotten. Organist: Reidar Algerøy.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal