Uskedal musikklag gjesta Rosendalstunet torsdag i denne veka med juletonar, song og musikk. Dagstova var fullsett av bebuarar, pårørande og frivillige hjelparar. Med ti nummer på repetoaret var konserten unnagjort på under ein time. Mange av dei mest kjende julesongane var på plass,- Glade jul, Julekveldsvise, Det lyser i stille grender og Deilig er jorden.

Ikkje noko å sei på frammøte då Uskedal musikklag gjesta Rosendalstunet i denne veka.

Fem av framføringane var instrumentale, kjende tonar som Det kimer nu til julefest, Nå tennes tusen julelys, En stjerne skinner i natt, Tenn lys og Sonjas song.

Juleleik høyrer med på julefestar, men korleis skal ein få det til då alle sit rekkevis på sine stolar ? Løysinga vart Olaf Agnar Gausvik sitt dikt: Ein juleleik. Saman kom vi fram til 38 ord assosiert til jul. I alfabetisk rekkjefylgje starta vi med julansjons og slutta med juleøl. Forfattaren skriv til slutt: PS: Stryk det som ikkje høver, ( og sjå kva du står att med).

God jul !

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal