Kantforsterking på fylkesvegen ved Blåhaug på Haugland.
Den siste veka har det vore utført kantforsterking ved Blåhaug på Haugland. Entreprenør har vore TM anlegg. Oppdragsgjevar er MESTA og Vestland Fylkeskommunen. Runar Tvedt i TM anlegg fortel til uskedalen.no det har gått med ei veke for å gjera denne jobben. Stein og massar kjem frå Haugland Mjølk og Maskin sitt depot på Hauglandsheio. Arbeidet er ferdig, Utbetringa i svingen ved Blåhaug er eit stort framsteg. Vegen er forsterka og langt betre for alle, både for private bilistar og for tyngre nyttetransport.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal