Under den kjekke lysmarsjen i går hadde Uskedal Musikklag speling nr. 22 dette året (bildet over). Fram mot jul har dei to spelingar til på planen slik at dei kjem opp i mest same talet på opptredenar som i fjor.
Tysdag kl.16 har korpset planar om å ha ein stemningsfull skumringskonsert der dei spelar julemusikk like ved den flotte inngongsportalen ved SPAR. For nokre år sidan hadde korpset ein tilsvarande konsert på plenen ved Gamleskulen. Det var så vellukka at dei ønskte å gjera det til ein tradisjon. I fjor var den planlagt, men måtte dessverre avlysast på grunn av verforholda.
Også i år må det takast verforbehold. Det tolest lite av regn og vind, men akkurat no ser det ut til å vera ei lysning i vermeldingane på den tida konserten skal vera.
Torsdag tar musikarane turen til Rosendalstunet, der den mangeårige tradisjonen med julekonsert blir halden ved like. I år blir det med ein ny vri. Kristian Bringedal blir med som forsongar slik at publikum får vera med og syngja kjende og kjære julesongar som allsong. Den andre delen blir instrumentalt framført julemusikk. Dette blir ei stemningsfull førjulsstund, og gjester er sjølvsagt også svært velkomne som publikum.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland
Arkivfoto.