Klar for Lysmarsj over Skårhaug og opning av ny P plass på Stemneplassen.
Bergen har Lysfest. Uskedalen gjer seg klar for Lysmarsj over Skårhaug som endar opp med opning av den nye parkeringsplassen på Stemneplassen. Uskedal Friluftslag oppmodar alle om å finna fram hovudlykt og refleksvest. Dessutan er det høve til skriva ynskjelista og helsing til Børsdalsnissen. Den raude nissekassen er montert på toppen. Programmet ser slik ut:
- kl. 17.00: Samling i sentrum ved Julegrana – litt informasjon
- kl. 17.15: Vi går i samla flokk med hovudlykter opp Skårhaug – til toppen 49 moh. – finn Nissekassen og legg ynskje oppi
- Kl. 17.45: Samling på den nye parkeringsplassen. Uskedal musikklag, snorklypping, gløgg, kakemenn og peparkake – kort informasjon om prosjektet: Vegsikring, P plass og asfaltering
- kl. 18.30: Slutt – takk for i kveld.
Parker i sentrum. Ver med på lysmarsjen. Dei som ikkje maktar å gå turen, parker v/ Bedehuset.
Styret i Uskedal Friluftslag inviterer naboane, entreprenør, Dugnadsgruppa og alle involverte til å vera med på markeringa.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal