BKK melder at straumen er ute på Skorpo og på Snilstveitøy. Slik har det vore i frå seint i ettermiddag og i kveld. Straumen er pr. kl. 22.00 ikkje tilbake. Så langt uskedalen.no kjenner til, vil ikkje BKK senda montørar ut i båt i dette veret. Dermed kan de gå ei tid før fastbuande og evt. hyttefolk kan få hjelp. Særleg vanskeleg og kritisk må det vera for den eine bonden på Skorpo som driv med mjølkeproduksjon. Kyrne må mjølkast på tida. Bruk av aggregat kan vera ei løysing. Oppdatering fredag morgon kl. 08.30: Straumen er tilbake på Skorpo.

kb