Flott julekonsert i kulturskulen.
Fire unge uskedelingar imponerte på instrumenta sine.
Uskedelingane som sat i salen under den første julekonserten til kulturskulen, hadde absolutt grunn til å vera stolte. Prestasjonane til dei 4 unge uskedelingane som bidrog i programmet, blei verkeleg lagt merke til. Dei kom særdeles godt frå framføringane sine. Kjekt var det også å høyra dei om lag 20 andre musikarane. Også dei kom bra i frå opptredenane sine. Konserten baud på god variasjon med instrument som piano, kornett, trombone, gitar både solo og i gruppe, vibrafon, saksofon og trommesett. Nokre hadde starta så seint som i haust, medan andre hadde lang fartstid. Alle skal vera fornøgde med prestasjonane sine. Det var kjekt å vera publikum i salen.
Først ut av uskedelingane var Erle Marie Korsvold (trombone) og Anna Herman Fossli (kornett) (bildet øvst). I duetten Snømannen Kalle, i eit kjekt og krevjande arrangement, viste begge at dei har lagt ned svært god jobb på instrumenta sine. Anna fulgte opp med eit solostykket A brown bird Singing. Her blei ho akkompagnert av pianolærar Yuko Shuto. Nok ein imponerande prestasjon av den unge jenta.
Vi skulle få høyra meir av Anna Hermann Fossli. Denne gongen på piano. Stødig og taktfast med begge hender framførte ho Sonjas sang til julestjernen. Heilt nydeleg! Meir imponerande pianospel blei det då Martine Myklebust overtok krakken. Vi kunne berre lena oss tilbake, lukka augo og nyta When You Wish upon a Star. To blomstrande pianistar!
Det var endå fleire uskedelingar som krydra konserten! Då Ebba Hermann Fossli, med nydelege tonar frå kornetten sin, framførte Softly Awakes My Heart, fekk publikum ein sann nytelse. Dei målbevisste daglege øvingane gjennom fleire år høyrest godt både på tone og tekniske ferdigheter. Akkompagnementet var også i dei beste hender, nemleg pianolærar Yuko Shuto. Det var ein flott konsert, og underteikna er svært glad for at han tok denne Husnes-turen. Utover i veka blir det fleire kultuskulekonsertar på Husnes og i Rosendal.
I Uskedalen kan vi glede oss til søndag. Då skal nemleg 3 av dei 4 dyktige ungdommane vera med på julekonserten i Uskedal Kyrkje kl. 17.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland