Julegrantenninga i går, fredag 29. november, gjekk etter oppsett program. Ikkje noko mangla. Børsdalsnissen kom seg på plass sjølv om det var dårleg ver og glatt der han kom frå. Musikklaget svikta ikkje. Dei har ei dobbel oppgåve, med pynting og montering i tillegg til det musikalske innslaget. Graut og kafe høyrer med, både i Helgheimskjellaren og i Gamleskulen. Det var pakkar til alle borna. Nissesekken var tom og lett då han tusla seg på dalen og tok av på vegen mot Kalkstasjonen og vidare inn den steinute Børsdalen.





Uskedal musikklag i nye nisseluer.

Dei siste åra har det vore Open mikrofon i kyrkja i regi av Singing Tweens. Dersom nokon har bilete frå kyrkja, send til redaksjonen: uskedalen.no@gmail.com

Børsdalsnissen kjem med pakkar til born og vaksne.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Randi Ljosnes/ Gunnlaug Eik