No kan de kjøpa den siste Uskedalsboka og på Spar.
Har framleis alle tre bøkene.
Salget har gått svært godt av den tredje boka i serien “Den nære fortida” både før og etter den blei lansert for to veker sidan. Laurdag fekk Spar Uskedalen overlevert ein kartong med bøker slik at no kan alle bøkene kjøpast der i butikken si opningstid. Det er berre å spørja i kassen. Det er greiast om bøkene blir betalt med vipps direkte til historielaget, nummer 76 38 03. Dei som ikkje har vipps, kan betala med kontantar, og så ordnar einkvan av den hyggelege betjeninga på Spar at pengane blir vippsa/levert vidare til Uskedal Historielag.
På bildet ser vi Jeanette Steinsletten tar mot og viser fram bøker.
Dei aller fleste av dei som har førehandskjøpt boka, har også henta den. Samstundes med med det gode salget av den nye boka, er det også framleis jamnt salg av dei to første. Enno kan ein få kjøpt alle tre bøkene på Spar eller direkte frå skriftstyret (tlf. 932 88 237), men lageret av første boka lite. Hadde det ikkje vore for at tre kvart kartong med bøker dukka opp frå “det ukjente” for litt sidan, hadde den vore utseld for nokre veker sidan.
Uskedal Historielag er svært takksame for at Spar hjelper oss med salget av bøkene. Dei er til uvurderleg støtte for lagslivet i bygda.
Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland