Arbeidet med klargjering til ljostenning komade fredag er starta. I dag vart den montert ljos i den vesle grana på plenen ved Gamleskulen, i regi av Uskedal Utvikling. Med lift og Asle Moberg i korga kom lekkjene på plass. Uskedal musikklag har ansvaret for den store grana. Monteringa der medlemer i høg alder klatrar til topps vert truleg gjort onsdag eller torsdag i veka. Alt skal vera klart i god tid før markeringa fredag 29. november kl. 17.00.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Thor Inge Døssland