Skulekorpsa imponerte!

Det var nesten fullsett rundt borda i Aktivitetshuset då Marianne Korsvold ønskte velkommen til førjulskonsert med skulekorpsa frå Rosendal og Uskedalen (bildet). Ho informerte litt om det tette samarbeidet mellom dei to korpsa, og ho fortalde at både foreldre og musikarar opplevde det som svært vellukka. Det er mykje kjekkare og inspirerande for musikarane å spela i eit stort korps enn å øva kvar for seg i mindre grupper. Det var tydeleg at ho også trivdest med dette samarbeidet, og musikknummera som fylte Aktivitetshuset under konserten, beviste at samarbeid er den rette vegen å gå!

Anna Hermann Fossli bestemte seg for å spela Snømannen Kalle same dag

Etter velkomstorda gav Marianne ordet vidare til Arnaut Izjerman frå Rosendal Skulekorps som losa oss gjennom programmet med å introdusera nummera. Dirigeringa overlet han til Nick Hughs, og musikken som blei presentert viste tydeleg at han har ei god hand om det musikaske arbeidet.
I den stemningsfulle salen som var pynta både med stjernehimmel og lyslenkjer, opna korpset med eit arrangement av velkjende Jingle Bells som sat som eit skot! Det blei tydeleg at forventningane som Marianne hadde skapt med innleiingsorda sine, ville bli oppfylt til fulle!
Etter dette fulgte Two Christmas Scenes av Per Olav Paulsen og den flotte julesongen Away in a Manger før vi fekk ei solistavdeling med 4 nummer.

Nora Tungesvik spela Karius og Baktus.

Korpset sin principlekornettist Anna Hermann Fossli framførte Snømannen Kalle. Nora Tungesvik hadde valt Karius og Baktus, medan Emilie Fredheim Aas framførte vakre Gabriels Obo åleine på euphonium før ho saman med kornettist Ebba Hermann Fossli spelte Eventide som duett. Slik eg oppfatta det, var dei fleste solistinnslaga, kanskje alle, noko musikarane hadde kome spontant i forkant av konserten. Like fullt kom dei godt frå det, og dei krydra den fine konserten.

Tre flinke solistar: Anna, Ebba og Emilie.

Etter solistavdelinga avslutta korpset med 4 nummer der dei til slutt ønskte I wish it could be Christmas every Day og heilt til slutt We wish you a Merry Christmas. Det var ei flott stund, og medan publikum kunne nyta musikken, kunne dei også kosa seg med saft, kaffi og peparkaker som var sett ut på småborda. Med dette, musikken og den flotte pyntiga var det god førjulsstemning i salen. Før dei gjekk i gang med ryddinga takka Marianne Korsvold alle som støtta opp om skulemusikken, og ho minna om at same konserten blir framført i Rosendal samfunnshus i morgon, laurdag, kl.18. Eg anbefaler absolutt å ta turen!

Tekst, foto og nett: Thor Inge Døssland