Konsertar og juleavslutningar er faste innslag i tida fram mot jul. Fyrst ut var truleg Røytsterett for Alle med forsterking frå Husnes Blandakor. Konserten var vellukka på alle måtar. Det var god stemning. Den musikalske leiaren, Maria Malmsten, song solo og spelte fløyte. Dessutan song Maria og Ingvild Toskedal duett.

Duett av Maria Malmsten og Invild Toskedal.

Alt i dag, fredag 22. november, inviterer Uskedal skulemusikk og Rosendal skulekorps til julekonsert i Uskedal Aktivitetshus. Eige innlegg frå konserten kjem seinare.

Maria Malsmsten kan meir enn å vera musikalsk leiar for to kor. Her spelar ho solo på fløyte.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Røysterett for Alle