Filmdag i aktivitetshuset
Uskedal Utvikling og aktivitetshuset ynskjer alle velkommen til filmdag i aktivitetshuset laurdag 30.11.
Prosjekt “Liv og lyst” fekk inn eit godt innspel på å nytte aktivitetshuset til filmfamsyning. Laurdag 30.11 kan ein sjå heile to filmar i aktivitetshuset. Det er gratis inngong og ein håper mange vil ta turen.
Fyrst vil ein syna “Teddybjørnens jul” kl. 12:00. Denne har tillatt for alle som aldersgrense og varer 1 time og 18 min.
Kl. 14:00 blir “Tre nøtter til Askepott” frå 2021 vist.
Tekst/nett: Kari Bråtun