Jon Hammersmark sitt foredrag “Det kan alltid bli verre” som skulle haldast 13.11. er blitt avlyst grunna sjukdom. Dette gjeld både foredraget for ungdomsskulane i Rosendal og Hatlestrand, og foredraget i Aktivitetshallen i Uskedalen. Foredraget er utsett til over nyttår.

Hammersmark kan ikkje reisa til Vestlandet som planlagt, men vi set opp ny dato etter nyttår. Det er førebels ikkje sett dato. Så snart vi har fått ny dato, tek vi kontakt med alle som har kjøpt billett for å høyra om dei vil behalde billetten sin til den nye datoen, eller om dei ønskjer å få pengane refundert. Føl gjerne Uskedal Helselag på Facebook for oppdatering.

Tekst/foto: Uskedal helselag
Nett: Kristin Bringedal