Lokalt forfattartreff og bokmesse i regi av Norli Husnes går av stabelen fyrstkomande laurdag. Uskedal historielag er med på bokmessa for å selja bok 1 og 2, men mest av alt som ei porfilering før boksleppet i Helgheim dagen etter, sundag 10. november kl. 16.00. Kom innom historielaget sin stand for ein prat, ikkje minst for å tinga Årbok 3 som er i handelen på og etter boksleppet på sundag.

Frå bokmessa og forfattartreffet i 2022

Kvinnherad mållag med base og boklager i Uskedalen er også med, mest for å verva nye medlemer med verknad frå 2025, men også for å selja ordboka Kvinnherskringlo til ein rimeleg pris. Det minkar på restopplaget, men det er enno råd å sikra seg ei unik bok skriven av lærar Andreas Haugland frå Uskedalen.

Mållaget med to bøker, Kvinnherskringlo til ein rimeleg pris og Godmenne gratis til alle som ynskjer å vera medlem .

Dei som teiknar seg som medlemer i mållaget, får ei bokgåve gratis. Det er Jens Tvedt si bok Godmenne.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal