Uskedal skulemusikk har starta salet av årets adventskalendar. Dei neste vekene vil mange i Uskedalen få besøk på døra av glade musikantar som sel denne flotte kalendaren. Dei gjer ein god dugnad for korpset sitt. Ta dei vel imot!

Tradisjonen tru har Uskedal skulemusikk også i år for sal ein flott adventskalendar. Vi har nok ein gang blitt overøst med flotte premiar frå mange gode sponsorar. Og med to daglege trekningar og skikkeleg flotte premiar, er det vel verdt å sikra seg ein kalendar.

Musikantane får tildelt ulike område i heile Uskedalen, og vil gå frå dør til dør for å selga kalendaren. Men om du ikkje får besøk, er det også mogleg å kjøpa den hos Gro’s blomster.

For 100 kroner får du mykje spenning dei 24 dagane fram mot jul. Og skulemusikken får viktig inntekt for drifta si vidare. Vi er veldig takksame for alle som støttar oss, både sponsorar, bygdafolket og alle andre som kjøper kalenderen vår. Takk!

Tekst: Marianne Korsvold
Foto/nett: Marianne Korsvold