Styrketreninga er inne i sin 11. sesong. Blomehelsing til instruktøren Eli Roseth Eik.
Styrketreninga i regi av Uskedal helselag er inne i sin 11. sesong. Starten var hausten 2014. Det vart markert på treninga i dag, Jan Henrik Hansen, lenge den einaste mannen i gruppa, sa fram ei kort helsing, takka og overrekte Eli blomar. Eli Roseth Eik har vore hovudinstruktør heile tida. Eva Haugland og Berit Helene Myklebust var med frå starten. Eva Reime er fast vikar. Før det har Kristian Bringedal og Berit Myklebust hjelpt til i kortare periodar. Styrketreninga i Gamleskulen går kvar måndag, ein time, frå kl. 11 til kl. 12. Det er plass til fleire. Det er eit gratis tilbod for alle medlemer i Uskedal helselag.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal