Frode Sæbø med føredrag på Bokslepp - Fartøyhistorie Halsnøy, Fjelberg og Valen. FIX frå Uskedalen er omtalt i boka.
Torsdag i dene veka er det bokslepp på boka Fartøyhistorie frå Halsnøy, Fjelberg og Valen 1900 – 2024, del 2. Frode Sæbø frå Uskedalen vil ha føredrag om båtbygging på Halsnøy i eldre tid. Boka er ein oppfølgjar til første boka, som kom ut i fjor haust. Eit stort og viktig lokalhistorisk arbeid ligg bak det omfattande båtregisteret du finn i begge bøkene. Her får du eit oversyn over båtar i maritim næring dei siste hundre åra og vel så det. TUNES i Reigstad si eige er med i boka. Sigurd Arnesen i Uskedalen var eigar i perioden 1926 – 1942. Namnet var FIX og vart brukt som føringsbåt for hermetikkfabrikken. Fartyet hadde registrering H – 59 – K. Arnesen selde til Lars Ekeland på Valen.
Å samla informasjonen om båtane på ein plass, er eit pionerarbeid for området vårt. Ære for dette går til Arild Engelsen og Idar Landa og deira nitide arbeid med å få registeret på plass. Men boka har også hatt mange andre bidragsytarar, som kvar for seg har laga anna interessant stoff. Du kan til dømes lesa om fiskarar og andre som har hatt sjøen som levebrød, om båtar, båtbyggjarar, båtbygging, vervaplassar og anna martimt stoff.
Skjemt, alvor, storhendingar og tragiske hendingar på sjøen er stikkord for det som ventar på å bli lese. Kort fortalt handlar boka om hell og uhell i mange variantar frå eit yrande liv, knytt til sjøen. Her kan nemnast skipperen som havarerte med seglbåten sin langt ute i Atlanterhavet, ungdomen som omkom etter kollisjon med ein ubåt, halsnøymannskapet som i siste liten vart berga ved Kalvåg i Bremanger, den stolte fraktebåten «Toftevaag», som enda opp som forskingsskip i Middelhavet, eller den artige forteljinga om «Dei forliste lefsene». Alt dette og mykje meir kan du lesa om i boka.
Lions Club Halsnøy er ansvarleg utgjevar, medan ei dedikert boknemnd har stått for det redaksjonelle arbeidet. Opplag: 900. Pris: kr 480. Grafisk formgjeving: Multipleks design.
Tekst/foto: Pressemelding - redigert Foto: Arkivfoto Nett: Kristian Bringedal