Bildedagane på Kafè Tiaren har vore svært kjekke. Det har vore mykje god drøs og mimring når kafègjestene har sett på desse bilda frå tidlegare år. Ekstra kjekt har det vore når gjester har teke med bilde. Tysdag frå kl.11.30 er det klart for ny bildestund på bygdekafèen i Gamleskulen.
Elles minner vi om at historielaget er veldig interessert i å låna bilde til skanning.

Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland