Låg murkant i Leirholo - i dag kan vi sjå kor farleg dette punket er.
Det har før vore fokus på den låge murkanten mellom veg og elv i Leirholo. Med stor elv, som i dag, kan vi alle sjå kva som i verste fall kan skje ved utforkøyring eller fall i elva. Uskedal utvikling har sendt brev til kommunen om problemet. Det går på forsterking av murkanten og merking av støypeklossar i vegbanen. Svaret var at det skulle verta gjort, Ikkje noko problem. I dag er enno ikkje tiltak iverksett. Audun Eik er ein av dei som har engasjert seg i saka.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Audun Eik