Mykje vatn og stor elv, men ikkje på det høgste enno.
Mykje nedbør dei siste timane har ført til mykje vatn og stor elv. Det er godt synleg på fleire plassar i elveløpet som t.d. ved Uskedal bru, i Leirholo og ved Djupehølen. Eikeelva er stor. Det er enno att ein halv meter før elva går over kanten ved utkøyrsla til Fylkesvegen. MESTA har vore på synfaring tidlegare i dag.
For om lag 20 år sidan braut elva seg over kanten og førte til skade, mellom anna i verkstaden til Roald Eik. Då vart det bygd opp ei forsterking for å hindra flaum over vegen og ned på naboane. Dei som bur langs elvane og er lokalkjende seier til uskedalen.no at slik det ser ut no, vil elvane ta unna vassmengda på vanleg måte. Dersom du har bilete frå spesielle hendingar i dag, send til uskedalen.no@gmail.com
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal