Det blei ein stemningsfull kveld på Dønhaug med GråBlå Strenger laurdag kveld. Trass elendig vér, var det eit entusiastisk og lydhørt publikum på ca 45 stk som hadde funne vegen til kjellaren. Det var sågar tilreisande i bubil som hadde tatt turen denne ruskete haustkvelden. Med fyr i peisen og knakande gode musikarar på scenen blei dette ein kveld å minnast. Og «husverten» Magne Huglen var svært nøgd med at konserten fall på akkurat den laurdagen han hadde gebursdag.

Stemningsfullt i Dønhaugkjedlaren laurdag kveld.

Bandet GråBlå Strenger er eit bluesband sett saman av svært erfarne musikarar med hovudbase i Bergen. Bortsett frå Bjørn Moe som frå 2019 har vore busett i Uskedalen. Dette er andre gangen dei vitjar Dønhaugkjellaren. Sist dei var her i mai, var konserten heilt utseld, og vel så det, i god tid på førehand.

Det ser ut til at bandet har forelska seg i Uskedalen, og det siste dei gjorde laurdag kveld, var å lova at dei kjem attende, kanskje allereie til våren!
Det blei godt mottatt av både publikum, og ein strålande opplagt husvert, Magne Huglen.

Bandet er:
Dag Bergesen, bass & vokal
Trond Olsen, gitar & vokal
Tore Kvalvik, gitar
Bjørn Moe, trommer & vokal

Tekst/foto: Monica Hansen
Nett: Kristian Bringedal