Klar for julegrantenning med nye nisseluer.
På ei markering på Stemneplassen torsdag i denne veka fekk alle musikantane i Uskedal Musikklag overlevert nye nisseluer. Åse Neset og Jofrid Eik hadde lenge sett seg lei på dei gamle og utslitne luene. Duskekveldar i haust har ført til at no har dei heile 17 heimestrikka nisseluer for utdeling til gamle og nye medlemer i Veteranbandet.
Bakgrunnen var at Åse og Jofrid i regi av Friluftslaget ville gje ros til musikklaget for alltid å vera positive til å stilla opp med arrangement og innslag. Det vart servert graut med mandel til alle. Gåva var nisseluer. Fleire av musikantane bar fram helsing. Trommis Kjell Borge Olsen slo på stortromma då ha like godt tok med heile Bergen i helsinga si. Per T. Skåle takka for maten. Bassisten Thor Inge Døssland takka damene for godt arbeid. Bjørgulv Eik, den eldste, la også inn nokre velvalde ord.
Det vart på alle måtar ei hyggeleg stund. No er det berre å sjå fram til Julegrantenninga fredag 29. november og få sjå og høyra Veteranbandet med nye nisseluer.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal