Under opplastinga av hjelpesending til Ukraina fekk uskedalen.no eit møte med Jan Erik Matre og Tormod Myklebust, to THK sjåførar som årleg har køyrt hjelpesendingar. Jan Erik frå Skånevik, tidlegare i Politiet, har vore sjåfør dei siste 20 åra. Han kom med i THK sitt hjelpearbeid i 2002. Tormod Myklebust har vore fast sjåfør på THK traileren sidan 2008. Ved fleire høve har dei vore saman på turen.

Lang, lang rekke.

Opplastinga i dag gjekk strykande. Det krydde av gode hjelparar, – born, ungdom og vaksne. Mange nytta høve til å koma på den siste innsamlingsdagen med sekker og anna utstyr. Av det som gjekk på bilen i dag, kan vi nemna: Sekker med sko og klede, madrasser, brannsløkkingsapparat, senger, rullatorar, syklar, miksepult og høgtalar.

Hjelepsendinga går i fyrste omgang til Karmøy for sortering og omlasting. Den faste THK traileren er i Bergen i dag, ved Skjold kyrkje der det er innsamling og opplasting. Før det var dei inn Aker Solutions på Stord for henting av utstyr.

Her vert det stua under taket.

Hjelpesendinga går til grensa til Ukraina, for omlasting og vidare køyring fram til Korosten ikkje så langt frå Kyiv.

Kaffipause med noko attåt.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal