Korkafe i Helgheim med kora Røysterett for Alle og Husnes Blandakor er populært. Helgheim var såleis mest fullsett sundag ettermiddag då dei avslutta seminarheIga med konsert, åresal, kaffi og kaker. På repetoaret finn vi mellom anna Jan Eggum, Evert Taube og songar av Kjersti Follesø, Per Indrehus og Ola Bremnes. Barnekoret Mama Emmas frå Kvinnherad kulturskule song kanons, folketonar, svensk og engelsk popmusikk.

Sylvi Hjelmeland, styreleiar i Røysterett for Alle. takkar Mamas Emmas.

Framføringane gjekk svært bra, god stemning og mykje latter. Barnekoret song veldig fint og dei synst det var stas å få så mykje applaus, rose og årer. Åresalet gjekk strykande noko som gjev gode inntekter til lagsdrifta.

Musikalsk leiar for innslaga er Maria Malmsten.

Trio med Egil Vaage, Svein Rimestad og Haldor Tveit spelar til allsong.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto. Røysterett for Alle