Dugnadsgruppa stod for eit framifrå arbeid med klargjering av ny parkeringsplass på Stemneplassen i dag. Ytterkantane vart forsterka med kantstein, bruk av forskalingsblokker og ferdigstilling av støypt murkant. Betongvarer i Dimmelsvik var på plassen med betong. Plassen er snart klar for asfaltering. Frå dugnadsgruppa var desse med: Steinar Kroka, Lars Myklebust, Kurt Haugland, Jostein Grov, Geir Eidsvik og Audun Eik. Ove Myhre og Audun har i forkant forskalt og gjort klar for noko av arbeidet som vart utført i dag.

Murkant i betong før montering av rekkverk.
Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Audun Eik