Fire perssonar frå ulike lag og organisasjonar møtte fram til kurskveld med tema: Innføring i bruk av uskedalen.no. Hans Ordin Østebø var kursleiar. Alle fekk tilgang og innføring i bruk av nettsida. Når det formelle var på plass fekk kontaktpersonane prøva seg med testsider, laga inngress og skriva sjølve teksten. Opplasting av bilete er ein viktig del av arbeidet, likeins det å bestemma kategori. Bilete på topp syner f.v: Chris Fossli, Hans Ordin Østebø ( kursleiar ), Asgeir Hjelmeland, Remi Onarheim og Gunn Mari Moberg.

Frammøte hadde truleg vore det doble om ikkje kurskvelden kom på same tid som Helsesiesta i Rosendal, foreldreføredrag om psykisk helse og inkludering. Difor vert det truleg ny kurskveld for dei som ikkje fekk høve til å vera med.

Hans Ordin Østebø syner Asgeir Hjelmeland om bruken av uskedalen.no.

Desse laga var representerte på kurskvelden:

  • Uskedal Idrettslag – hovudstyret
  • Uskedal Bedehus
  • Uskedal Utvikling – styret
  • Uskedal Ungdomslag/ Fjelly
  • Uskedal Friluftslag
  • Uskedal Sokneråd

Nokre lag er alt på plass og har kunnskapen som skal til for å skriva og leggja ut. Det gjeld t.d. Uskedal Historielag og Uskedal Musikklag.

Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal