Frå måndag 21. oktober vil Uskedalen få eit heilt nytt tilbod for alle som set pris på varme, avslapping og kalde bad. Ei mobil badstutønne vil bli plassert på kaien, rett nedanfor Spar, og tilbyr ei unik saunaoppleving med fantastisk utsikt og roleg atmosfære. Den første veka vil det vere økter tilgjengeleg kvar dag frå kl. 13:00 til 22:00, så pass på å sikre deg ei tidleg booking.

Interiørbilete med fin utsikt mot fjorden.

Korleis fungerer det?

Når du bookar ei økt, vil badstutønna vere ferdig oppvarma til du kjem. Ho har eit lite omkledningsrom, men vi tilrår at du kjem ferdig skifta for å gjere det enkelt. Kvar økt varer i 1 time og 20 minutt, med 10 minutt mellom kvar økt for vask og klargjering.

Tilbod den første veka

Sidan dette er første veka vi held ope, ønsker vi å gi dei første 20 øktene som blir booka, 15 % rabatt! Bruk rabattkoden uskedalen15 ved booking for å få rabatt på økta di.

Morten Eidsvik frå Uskedalen, jobbar deltid i Bergen Sauna, fortel at saunakulturen har blitt stor i Bergen, der folk nyt varme og kalde bad året rundt. No kjem denne trenden også til Uskedalen! I byen ser vi at folk sosialiserer seg, badar og finn ro i saunaen. Sjølv om vatnet kan vere kaldt, er det få ting som slår den gode kjensla av å gå frå dampande varme til kjølig vatn. Og smila når folk kjem opp frå vatnet seier sitt!

Bestill di saunaoppleving no

Er du klar for å prøve noko nytt i Uskedalen? Badstua er ein perfekt plass å slappe av, ta ein pause frå kvardagen, og få varme i kroppen. Gå inn på https://minside.periode.no/booking/dMgH9RMJU4uHWcRu8JBQ/sdLDLlUCtHsJrIhB7ByV/2024-10-15 for å sjå tilgjengelege tider og booke ei økt.

Vi håpar at både fastbuande og besøkande vil nytte seg av dette tilbodet, og at badstua blir ein stad for både avslapping og hygge i haust!

Tekst/foto: Pressemelding
Nett: Kristian Bringedal