Bok 3 er sendt til trykkeriet.

Bildet viser omslaget til den tredje boka i serien “Den nære fortida” som nettopp er sendt til trykkeriet. Det nærmar seg og slutten på perioden då boka blir førehandselt 50 kr billegare til introduksjonspris. Etter 15. oktober blir det full pris, 300 kroner, for boka. Fredag vil folk frå skriftstyret vera på plass utanfor SPAR Uskedalen frå kl.14.30 til 17 for å selja både denne boka og dei to føregåande bøkene. Det kan betalast både med vipps (76 38 03) og kontantar. I tillegg håpar dei på god drøs, kanskje tips til komande bøker og kanskje at nokon kjem med bilde som historielaget kan låna og skanna både til arkiv og til bruk i komande bøker.
Denne gongen vil også Torkel Stensletten vera med, og derfor er det gode muligheter for ein god prat om utvandringa av uskedelingar til Amerika. Han kjem som kjent ut med ei omfattande og flott bok om dette temaet neste haust.
Dette blir nok siste stand med salg av bok 3 til redusert pris

Den komande boka i serien “Den nære fortida” er meir omfattande enn dei to første. Sidetalet er auka med 50 frå i fjor, og den inneheld såleis 200 sider med interessant Uskedalsstoff. Mange har bidrege med kjekke bilde, og det hevar kvaliteten. Øyind Sture, Bjørn Harald Havnerås og Tor H. Myklebust har alle illustrasjonar i boka. Skriftstyret er svært fornøgde, og sjølv om tilbakemeldingane har vore overstrøymande før, meiner dei sjølv at dei blir litt betre for kvar bok dei gjev ut.
Det blir også høve til å skriva seg som medlem i Uskedal Historielag 200 kr pr. år). Bøkene kan hentast på boksleppet 10. november eller etter avtale etter det. Bøken kan også sendast (kostar 90 kr ekstra uavhengig av antal)

Så sant veret er bra laurdag, vil representantar frå skriftstyret vera å treffa utanfor SPAR frå kl.10 til 12 om føremiddagen. Skriftstyret håpar på at mange stikk innom, og at det blir mykje god prat om arbeidet.

Det er Åslaug Snilstveit i Salikat Design i Rosendal som har utforma det fine omslaget øverst. Ho har også utforma innhaldet i boka på ein framifrå måte. Det blir også brukt same trykkeri som før, LOS Digital AS i Larvik.

Tekst og nett: Thor Inge Døssland