60 born og vaksne på lesestund med Mona Vetrhus.
I kveld skipa Uskedal utvikling til kvelds og lesestund i Gamleskulen. Forfattar Mona Vetrhus las frå boka si Nattklubben. Tiltaket vart svært godt motteke. Eit 60 tals born og vaksne møtte fram til ei triveleg stund. Mona las og fortalde. Arrangøren er godt nøgd. Merksemda handla sjølvsagt om Mona og barneboka hennar, Kveldsmat, eit godt måltid mat, var ein god vri som mange sette pris på. Det møtte også fram born frå andre bygder.
Tekst/foto: Gunn Mari Moberg Nett: Kristian Bringedal