Hummarfiske starta i dag, 1. oktober.
Hummarfiske starta i dag, 1. oktober og varer fram til 30. november. Fiske er strengt regulert med krav til teiner, fluktopning, minste- og maksmål og merking. Kvar fiskar kan bruka inntil 10 teiner. Minstemålet på hummaren er 25 cm. Maksmålet er 32 cm. Hummar mindre enn minstemålet og hummar med rogn skal setjast ut att. Teiner og fiskekassar for oppbevaring skal vera tydeleg merka med namn og adresse. Staten ved Fiskeritilsynet er på inspeksjonsrundar. Mange brukar makrell som lokkemat. Berggylte vert også brukt.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Arkivfoto