Rustne Menn - Tysnes rundt med fem konsertar på ein dag.
Det skjer mykje på song- og musikkfronten for tida. Berre to dagar etter allsongen på Tiaren med Veteranbandet er det Rustne Menn sin tur med turne på Tysnes. Då er nemleg gruppa invitert til Tysnes med framføringar på årets Seniortreff på øya. Eldrerådet på Tysnes legg opp til ein desentralisert modell med markering i fem bygder. Det heile startar på Reksteren. Deretter kjem Uggdal ( Haaheim gard ), Våge ( Madelhuset ), Onarheim ( Tveit Grendahus ) og til slutt Lunde ( Frilund ). Det er om lag to timar mellom kvar arena. På kvar plass er det minikonsert, kåseri, informasjon og matøkt.
Seniortreff på Tysnes med markering i fem bygder er noko som heng att frå Covid tida. Då brukte dei denne løysinga. Det var så vellukka at ein valde å halda fram med ein desentralisert modell.
Lorentz Lunde, tidlegare lensmann og ordførar i Tysnes, er medlem i programnemnda og ein av pådrivarane. Han er sjølv med på heile turen. Det same er kåsøren, Torbjørn Ljones.
Dagen vert avslutta med felles kveldsmat.
Tekst/nett: Kristian Bringedal Foto: Frå brosjyren Tysens