Liv Astrid Myhre, Mona Vetrhus og Kristian Bringedal hadde alle innslag på kystkulturdagen i Bergslagen på Sunde i dag. Liv Astrid var i kjøkkengjengen som kokk. Ho laga som vanleg velsmakande betasuppe. Mona Vetrhus las frå barneboka si, Nattklubben. Kristian Bringedal var kåsør og fortalde frå tida som kultursjef då Rådmannen i Kvinnherad, Trond Sætereng, gav han fullmakt til å forhandla med familien Tveit om kjøp av Bergslagen. Resultatet vart det som la grunnlaget for utvikling og drift av kyst- og litteratursenteret. Årstein Eik , også frå Uskedalen, er fast medlem i songgruppa Sundegutane. Dei hadde fleire framføringar på arrangementet.

Shantikoret frå Halsnøy kom sjøvegen til Sunde med SKIRNIR, skøyta som er bygd på vervaplassen i Bergslagen.

Det var eit tettpakka program i Bergslagen i dag, frå kl. 11 med filmframsyning og vidare med opplesing og hattesparkkonkurranse for born, korsong, kåseri og matsal. Dagen vert avslutta med konsert og dans i kjellaren i kveld.

I samlinga i Bergslagen finn vi ein færing frå Leite i Uskedalen. I dag er robåten utstillingsbåt.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Venke Vetrhus/ Kristian Bringedal