Framleis mogeleg å kjøpa boka til redusert pris.

Sjølv om det framleis er nær 2 månader til den 3. boka i den lokalhiatoriske serien “Den nære fortida” blir sleppt på boksleppet i Helgheim 10.november, er det selt svært mange bøker. Ein tredjedel av bøkene er snart selde då over 170 eksemplar alt er farne ut av “hyllene”. Opplaget blir som før på 600 bøker. Det er enno 3 veker til perioden med introduksjonspris går ut 15.oktober, og salget har aldri vore så godt så tidleg i denne perioden.
Mange set tydelegvis pris på denne lokalhistoriske Uskedalserien med nyare historie. Skriftstyret får gode tibakemeldingar på både utvalget av stoff, og ikkje minst på måten det blir framstilt. Det gode bildeutvalget blir også sett stor pris på, og dei fleste finn kjente ansikt. Mange melder også at dette er den perfekte presangen, enten det er til jul eller andre anledningar.
I den komande boka er bildeutvalget endå rikare, og sidetalet er større. Det er auke med ca. 70 frå første boka og 50 frå boka som kom i fjor slik at årets utgåve av “Den nære fortida” blir på 199 sider.

Det er enkelt og greitt å kjøpa bøkene i serien på nett. Ein kan betala både med vipps til 76 38 03 og til bankkonto 3207.37.52026 (Uskedal Historielag). Skriv kva bøker betalinga gjeld. Viss ein vil bli medlem i Uskedal Historielag, kan ein betala det på same måte, og då vil vi verta glade om de skriv epostadresse viss de har. Dei som føretrekkjer kontantar kan betala til ein i styret eller skriftstyret så blir det ordna. Om noko er uklart, er det berre å ta kontakt på mobil 932 88 237 (Thor Inge Døssland). Det blir også ordna med sending av bøkene, mot eit tillegg. Då må ein hugsa å skriva fullstendig adresse med innbetalinga.

Prisar:

  • Bok 3 fram til 15. oktober: 250 kr
  • Bok 3 etter 15. oktober: 300 kr
  • Bok 3, medlemspris: 150 kr (ei bok pr. medlem)
  • Bok 1: 300 kr
  • Bok 2: 300 kr
  • Ekstra ved sending: 90 kr (same pris, uavhengig av tal bøker)
  • Medlemskap 2024: 200 kr (Hugs epostadresse)

Bok 1 og bok 2 er også å få kjøpt på SPAR Uskedalen.

Bok 3 blir sendt til trykkeriet i svært nær framtid.

Tekst, arkivfoto og nett: Thor Inge Døssland