Nye hus i Korsnes og på Syne.
Bortsett frå Ospelunden har det vore lite nybygg av einebustader i Uskedalen dei siste ti åra. På Haugland kom det eit nytt hus for om lag fem år sidan. No er det nybygg på gang i Korsnes og på Syne. Uskedalen.no har vore på byggeplassen i Korsnes hos Ingebjørg Haugland og Svein Are Furdal.
Ingebjørg fortel at dei byggjer eit hus med ei grunnflate på 125 rutemeter. Huset går over to høgder og det er panoramutsikt på sjøsida mot Skorpo, Storsund og Hardangerfjorden. Det er lagt ned ein stor eigeninnsats i bygginga. Mannen, Svein Are og svigerfaren Svein Jarle Furdal, har bygd det meste sjølve, med god hjelp frå vener og familie. Brødrene Musland har gjort grunnarbeid og Brødrene Mæland frå Etne leverer materialane.
Utover det har Ingebjørg og Svein Are fått god hjelp frå familien både på Haugland og i Omvikdalen. Dei har vald å bruka den tida som går med utan for mykje stress. Det vert difor innflytting til våren eller sommaren. Det er venta familieauke til jul. Difor tek dei det litt som det kjem.
Garasje er ein del av byggeprosjektet.
Tekst/foto/nett: Kristian Bringedal