Kvart år legg SIM til rette for rydding av grovavfall på Skorpo og Snilstveitøy, også kalla Øyrydding. Det vert brukt kranbåt og kontainar på kaiane som vert løfta ombord. Abonnentane må sjølve syta for å få avfallet fram til henteplassen. Tilbodet gjeld berre for privatpersonar, fastbuande og hyttegjester, ikkje næringslivet. I år vert kranbåten GJØA brukt til transporten. Avfallet vert i år levert til kai i Dimmelsvik.

Kranbåten GJØA vert i år brukt til henting og transport til kai i Dimmelsvik.

Det vil verta mottak av:

  • Elektronisk avfall, kuldemøblar og farleg avfall
  • Anna avfall som ein til vanleg ikkje har plass til i bossekkene,

Innsamlinga gjeld ikkje byggje- og rivingsavfall.

Snilstveitøy: kl. 09.30 – 12.30 Skorpo: kl. 09.30 – 13.00

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto