Uskedal helselag gjer seg klar for gjennomføring av årets demensaksjon komande måndag på ettermiddagen. Bøsseberarane møter i Gamleskulen kl. 16.00 og går ut på sine roder etterkvart. I fjor vart det på to timar samla inn i underkant av kr. 30 000,-. Då var bruk av VIPPS rekna med i summen. Det var rekord. Bygda er delt inn i 13 roder med 20 bøsser i bruk. Ein person med ei bøsse stod på SPAR. Eit delområde i Herøysundet er med på innsamlinga i Uskedalen.

Innsamla midlar går til viktig forsking.

Det er Uskedal helselag som er ansvarleg for planlegging og gjennomføring. Midlane går til arbeidet med forsking for å få fram kunnskap om utviklinga av demens frå normal hjerne til den er sjuk. Målet er å koma fram til ei effektiv behandling. Dei som ikkje er heime på måndag i innsamlingstida, kan bruka VIPPS 501209.

Tekst/nett: Kristian Bringedal
Foto: Arkivfoto 2023