Kom å ta idrettsmerke på måndag kl. 17:30 på Heio

Måndag 16.september kl. 17:30 blir det høve å ta idrettsmerke på Heio. Her er det øvingar i spenst, styrke og hurtighet som blir utført. Det er som oftast stillelengde, kulestøt og 60 meter, men ein har fleire alternativ til godkjenning. Ein har også ei uthaldsøving som ein enten gjennomfører denne dagen eller ved eit anna høve. Idrettsmerketakinga er for alle over 16 år.

Dersom du ynskjer å gjennomføre idrettsmerke, men ikkje har høve på måndag kan ein ta kontakt med Kjersti på 41567095.

Vel møtt til idrettsmerketaking.

Tekst: Kjersti Bråtun
Nett: Kari Bråtun